Sider

13.04.2015 Vilde på besøk


Nei, no går det tregt med dinna blogginga. Turen til London tok visst på, så det har ikkje vore dei store sprella sia eg kom heim :-)  Vilde var på overnatting ei stund før påske. Eg trur ho venter på eit innlegg, så eg må berre finne på nokke. Her er kjøkkenet som vart arenaen denne helga.Som dåkke ser er det skikkelig hyttestemning her i Haugane 12...tenker då på alle kvistane som titter på meg. Har tenkt mang ein gong på å måle over, men det blir med tanken, for det funker å lage mat her så då så..


 No er ho i gang, boller med vaniljekrem stod på ønskelista.

 Ho målte opp det lunka vatnet..osv

 ..og hadde skikkelig dreis på røringa.

 Det vart ei flott deig.

Medan bollane godgjorde seg var det taco som var neste post på programmet. Vi fann oppskrift på nettet, krydder i skapet, og miksa vårt eige tacokrydder.

 Det både dufta godt og såg godt ut.

 Det dufta endå bedre då det kom i panna.

Her er ein lykkelig kokk klar til innhugg. Som sagt dufta det fantastisk , men vi var nok litt rause med chilien, så det gjekk med ein del rømme.

 Bollane heva seg flott, så Vilde traff godt med temperaturen på vatnet.

Så dukka dinna karen opp, han kjente nok den gode lukta. Greitt nok, for vi klarte ikkje å ete opp alt. Han trua med datatilsynet då eg tok opp fotoapperatet, men det får stå si prøve.

 Deilige boller..

 Det vart skulebolla uten melisglasur og kokos, for det likte ho ikkje påstod ho.

 Det tok på all dinna matlaginga så det vart tidlig til sengs med Vilde. Sofaen ei stund først.

 Neste dag stod eg tidlig opp og laga sukkerbrød, for Håkon hadde bedt på seg ein gjest utpå dagen, og Vilde skulle hjelpe til å lage bløtkake.

 Litt rot, men fekk no delt kake i tre.

Ho skulla kanskje hatt strekk i håret, men det får bli neste gong. Ho var veldig flink og gjorde som ho vart fortalt trinn for trinn.



 Fekk litt hjelp med kremen, men fekk legge siste hand på verket.

 Kjempefin....

 Vart så fin at den måtte forevigast og delast med vener.
  Så kom gjesten, ein kjendis faktisk...dei gledde seg til å smake ser det ut til.

 Men Vilde fekk sprette kaka, det skulle berre mangle sånn som ho har jobba.

Dette bildet er eit sidesprang, for vi fekk eit lynbesøk av Hedda. Ho ville vi skulle ta ein tur ned i barnehagen, som faktisk var åpen på søndagen, for at den som ville skulle få sjå kyllinger bli utklekte.
Det tok så lang tid at ho nesten sovna. Så vi gjekk oppatt og åt kake istaden. Glømte å ta bilder av det sjølsagt. Neste gong det er bollebaking får Hedda bli med, kjekt at dei vil vere ilag med meg. Har no masse rart eg kan lære dei eg..Det får bli siste ordet for denne gong.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar