Halloen. Her ligg eg rett ut på sofaen, pynta og SJUK. Dårlig reklame for all hyllebærlikøren eg har tylla i meg. Men som Marit sa: Tenk ka sjuk du hadde vore om du ikkje hadde gjort det. Bra trøst det medan det verste stod på.
Etter eit par dager var eg på føtene igjen, hadde fri og veret var fantastisk. Bytta ut pynteepla på trappa og tok meg ein tur rundt omkring.
Glimt frå Vatne i ulike retninga
Grøtshornet, har vore der nokre gonger og må no prøve meg til våren igjen..trur eg.
Det var ikkje nokke særlig julestemning ute før eg kom bort til aldersheimen, der var døra fint pynta. Hadde nokken eg kunne besøke der, så eg tok turen inn.
Her fann eg disse to som hadde kaffien klar.
Var så vidt innom arbeidsstua og der var det jul på programmet.
Dette er den korte vegen frå aldersheimen og bort til gravplassen.Må vere litt deprimerende for dei som bor på heimen, men dei slepp no å titte dit bort frå romma sine heldigvis. Vi tok turen for å pynte litt til jul.
Sommerblomstrane heldt stand tross for årstida, men måtte vike for litt meir juleting...
Det vart fint.
Vi tok ein tur i det fine veret og mimra litt.Dette er kjempetreet på gravplassen, ei slags gran som har gener frå Amerika har eg hørt.
For å vise dimensjonen vart eg brukt som målestokk..
Røttene på treet minner om armene på ein blekksprut faktisk. Treet må vere gammalt.
Og Siv måtte til pers.
Så rusla vi heimover i det fine veret.
Dette er baksida av den flotte kirka her på Vatne.
Eg oppdaga nokre frukter som hang og frista meg, Kanskje nokke eg kunne lage nokke av? Men det var berre tørre frø, men dei var no fine.
Dette er berre til pynt.
Måtte fram å titte på huset til Håkon som er under oppføring, dette er utsikta han vil få.
Så var det kaffen som fekk besøk
Det vart krumkaker i år også, litt frynsete i kantane, men dei vart sprøe.Ja, ja sånn var denne fridagen. Er heldigvis nesten frisk att, og no er det jula som skal i boks. Kanskje det blir litt å fortelle om ikkje så brått. men det er best å seie God Jul til dei som les dette, i tilfelle det blir ei lang pause.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar