Vi skulle ut på ei øy, og det var dei som var oppvaksne på ei øy som laga til julebord for oss andre.Det starta som seg hør og bør med velkomstdrink, godt merka med og utan etanol.
Her er to som gler seg , eller skulle dei sjekke om nokken tok meir enn dei skulle :-) Nei, dei er berre i godt humør trur no eg.
Pensjonistane våre var alt på plass og var i godt humør.
Kjekt med ein prat før det heile braka laus.
Her er ei som sjekker nødutgangen
..og så fekk vi komme opp til festlokalet
Fint pynta til fest både damene og lokalet
Strålende fornøgd bioingeniør ....
Fint pynta som sagt. Eg sette meg på enden her og tok bilder i hytt og pine.Det var litt mørk belysning, så bilda vart ikkje så bra, men sånn vart det.
Å då var komiten klar for å ønske oss velkommen. Først med velvalgte ord og så fin sang.
Dei var godt kledde som dåkke ser, og før vi fekk sukk for oss, så for eine plagget etter det andre i veret.
og der framstod denne kule dansetroppa
Dei var kjempeflinke og imponerte virkelig.
Både danasarene og publikum kose seg.
Så var det maten, kjempegodt. Dette er min porsjon med tradisjonell juleribbe, men det var juletapas for den som ville prøve nokke anna.
Her er sjefen vår, er litt stram i maska her. Kansje ho har sett ka linselusene bak henne styra med?
Ein alvorsprat ser det ut til..
Måtte ein tur ein viss plass,og der nede stod nissen og lurte på om den siste drinken var hans. Greitt for meg, tenkte eg.
Tok meg ei runde og knipsa gjengen, Dette er bord 1
Bord 3
Eine sida på bord 4
Andre sida av bord 4
Glimt frå det bordet eg satt..
Her blir eg oppdaga, kjekt med zoom...
Lærlingen med sin mentor, Han ville fortelle kor fornøgd han var, og at han ville bli som henne. Kjekt.
Flott stil på ei stilig dame.Litt alvor måtte til, her er det julesang på gang.
Mitt bidrag var smaksprøve på hyllebærlikøren eg har skrytt sånn av. Den fall faktisk i smak hos mange, så kanskje det blir storprodusjon neste haust.
Kakebordet fekk eg nesten ikkje med meg, var for mett trur eg, Det var ikkje mykje att, så det var nok gode saker.
Berre blide damer å sjå
To prinsesser dukka opp også
Quizen vart for vanskelig for meg, men fekk no lære litt om øyane ut i havet her då fasiten kom.
Her er ho som visste svara, ho er tidligare øyboer.
Så vart det snurra film, Den var så flott og godt laga, at det var ein del maskara som var i fri flyt trur eg.Kjempemoro og gav grunn til ettertanke.
Mi navnesøster på labben i rødt antrekk
..og det var mitt valg også. Kjekt på julebord.
Så var det dans tilslutt
Kjekt med mange damer, og kjekt med ein som er mester i sving
Så får dette vere siste glimtet frå årets julebord. Er ikkje fornøgd med bilda, men det går ikkje an å gjere det opp att. Kjekt å møtast uten uniform å prate om laust og fast, og la seg underholde av ein sånn fantasisk gjeng øyinga. Berre å ta av seg hatten for det dei fekk til,.. og gle seg til neste gong vi kan vere i lag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar