Sider

06112014 Endelig besøk frå Amerika.

 Ja, ja..lenge sia eg var innom her. Har ikkje hatt så mykje å berette.  Men no kom Marit heimom ein tur, så då vart det litt meir liv her i Haugane 12. Hedda og Vilde vart med ut til flyplassen for å ta imot henne.

 Vilde vart litt forlegen, men det gjekk fort over
 Hedda var mest spent på ka som var i kofferten og ville hjelpe til å få den ut i bilen så fort som råd. Dei veit at tante Marit elsker å kjøpe artige gåver.
 Her er tida komt..kofferten skal åpnast.
 Marit var sliten etter turen over atlanteren, Ho ville ikkje eg skulle ta bilder, så det blir berre nokre glimt.
 No var det henna sin tur til å åpne gave, for ho har nyst hatt bursdag....
..trur ho var fornøgd. Ho fekk akkurat det ho ønska seg, så då så..
 No har ho endelig tatt den etterlengta dusjen, og er klar for den etterlengta middagen. Svineribbe med kålrabistappe, nesten som på julaften.
 Neste dag kom Vilde på besøk og Marit stilte opp med ulike aktiviteter, her er det sernittleire som skal prøvast. Fekk ikkje avbilde resultatet, men det vart eit "forest face", Skal vise det ein anna gong.
 No var det eg som skulle til pers. Marit vart gående her heime åleine eit par dager, kjeda seg sikkert bitte litt. Ho hadde sett nokke på nettet som skulle prøvast, og det var eg som skulle utføre oppdraget.
 Dette er det eg skulle bruke, malingsrull, maskeringsteip og KEFIR . Må sei eg var litt skeptisk, men ein gjer mykje rart for husefreden.
 Her er utgangspunket for prosjektet. Skal no vere enig i at det er litt innsyn, men det har eg ikkje tenkt på det før no.
 Marit hadde regien og ville vere fotograf, så det var berre å lystre ordre og ta fram smilet på asiatisk vis.
 Vi vart faktisk enige i opplegget med mønster og framgangsmåte, og då var det berre  å sette i gang prosjekt mjølkeglas.
 Det vart på augemål sånn cirka beint.
 Ikkje så verst, tok utgangspunkt i dei andre vindua på stua.
 Må sei er framleis var litt skeptisk, men som sagt husefreden er dyrebar :-)
 Ja, ja det går no an å prøve..


 Ferdig, Det var ikkje mange dråpane kefir som gjekk med. Hørte ikkje om andre glas som skulle frostast heller, så vi drakk resten.
 Så var det å smile til fotografen igjen.
 Innsynet er no ein sagablott vil eg seie.
 Det tørka ganske fort då sola dukka opp, og då var det å fjerne maskeringa som stod for tur.
 Ser no heldigvis litt av Grøtshornet.
 Ut i kulden for ny fotografering, mest for å vise at det funka.

 Det vart ikkje så verst hveken innafrå..
 ..eller utafrå.

Eit siste bilde for å vise resultatet, må no innrømme at det faktisk funka. Kanskje det er nokken som vil prøve på det same. Det er sikkert lett å vaske vekk om resultatet ikkje blir bra. Vi hadde det kjekt  iallefall. Marit blir heime nokre dager til, så no gler eg meg til neste posjekt,

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar