Halloen. Ei stund sia eg var innom bloggen no. Ikkje så masse som har skjedd for tida, men i dag frista denne utstillinga. Las i avisa at sjølvaste Pushwagner var venta til byen, så då frista det med ein bytur. Hadde lyst at Vilde var med, og etter eit lynkurs om Pushwagner sin kunst, vart vi enige om å reise til byen.
Venter på Vilde i ny kåpe, ja ny for meg i allefall. Har faktisk arva den, og fann ut at den passa som eit skudd..
Det første var å finne galleriet, er ikkje så kjent at eg visste akkurat kor det var, men det gjekk bra.Vi var dei første som kom.
Tok bilder i hytt og pine...
men vart fole skuffa då vi fekk høyre at hovedpersonen ikkje ville dukke opp.
Vilde var litt tynnkledt, så vi tok ei kjapp runde i nabolaget medan vi venta
og då vi kom att var det nesten kø.
Vilde vart litt skepisk, men vi menga oss med dei andre og venta tolmodig på at dørene åpna.
Trur ho var litt spent, og liker ikkje å bli fotografert.
Her stod ein med kjede rundt halsen å var spent også.
Flotte fargerike bilder..kjente meg att, Kings Cross i London trur eg.
men Vilde ville ut ..
..og dette er grunnen. Det var som sild i ei tønne.
Tok dette til trøst ettersom han ikkje dukka opp.
Det var deilig å komme seg ut i det fri, men bilda gjorde inntrykk på Vilde. Fekk no vite ka for eitt ho ønska seg.
Selfie måtte til..
Vi tok ein rundtur og titta på forskjellige ting..her er det han Grytten har forankra seg.
Dette er nokke som smitta frå sydligere strøk, håper det stopper her.
Flott sjøl om sola tok ei pause.
Vilde likte å sjå litt anna enn butikka i byen.
Så var det å finne nokke å ete..
neste forsøk..
masse å velge i, men ikkje alt som frister ei som ikkje liker ka som helst.
Men tilslutt vart valget tatt, og det smakte godt.
Då var vi klare til neste utstilling, her ved Galleri Kube.
Kjempeflotte bilder, tresnitt av ein lokal kunstner.
Kunstneren var tilstades. Han feira 80 års dag faktisk, og fortalte om kunsten sin.
Flotte bilder, ein serie med motiv frå Ona. vi kjente att motiva begge to. Det vart ikkje at vi kjøpte bilde denne gongen, det får vi ta att.
Så var det kafe atter ein gong, dessert må til. Ho lika ikkje å bli tatt bilde av som sagt,så ho er litt morsk her.
Til hevn måtte eg til pers, så då var det berre å leite fram smilet.
Smilte no litt her då, men vi berre titta. Fann ut at dinna amerikanske feiringa er berre tull.
Så vi reiste nesten heim, måtte innom Moa, men det vart berre titting...så vi stakk innom Joker her på Vatne og bunkra opp med ost, kjeks og frukt.
Vi var litt slitne i beina, i allefall eg. Kosa oss med te og julebrus og var enige at vi hadde hatt ein kjekk og lærerik dag. Trur nok ho blir med fleire gonger på bytur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar