Sider

04102014 Atlanterhavsparken


Då er dagen her, enda ein dag ilag med barnebarn, gleder meg. Disse fiskane får representre dei flottaste eg såg.Var vanskelig å ta bilder, men gjorde så godt eg kunne.

Vi var tidlig ute og fann oss parkeringsplass, og no er vi klare
Dette blir meir som ein reportasje frå A til Å...
Det første var ein sildestim som fanga interessa. Ingen av dei( ikkje sildestimen) ville bli med på bilde, så det blir bilder slik eg opplevde det.
Denne ville i allefall vise seg fram
Hm, god plass her då. Det viste seg at vi var ein time for tidlig ute til showet med dykkeren, og då var det berre å forsette å titte seg rundt.
Her er det pingvinane som viser seg fram..
..og denne stod og venta på meg og smilte faktisk uten at eg masa, Den hørte sikkert kor eg kava med å få jentene til å sjå på kamera.
Vi var heldige med veret, flott der ute
Det var no selane vi var mest spente på, dei er nyinnflytta.
Flotte og villige til å vise seg fram.

Vilde snudde seg tilslutt, men Hedda måtte haldast fast som dåkke ser :-)

Dette var gøy, ein leik med vatn i kanaler. Eg forstod ikkje så mykje av det, men jentene kosa seg.

Der var eit akivitetsrom for barn og Hedda prøvde fiskelykka.
Titta meg rundt, og sjå på dette..like mange gamlekara nesten som unger. Ja, ja ein har ikkje meir moro enn ka ein lager seg sjøl.
Hedda var flink å fiske krabber.
Quiz i dag også, vi klarte det,  og fekk bli med på konkuransen dei hadde laga til.
Då var ventetida over, og vi fekk med oss showet i tanken.


Artig å sjå på
Mange fine tropiske fisker også
Tilslutt var det butikken som skulle inspiserast, og Hedda har fortsatt dragning mot rosa
Vilde var smålåten og fann nokke bittelite til minne om turen.
Ho måtte betale sjøl, det var "straffa" ...men det klarte ho fint.
Flott anlegg der ute i fjøra.
Hedda var så fornøgd med selen ho kjøpte, at ho ville eg skulle ta bilde av dei ilag faktisk. Ho oppdaga at dei stod heilt i stil med kvarandre i farger, og då så .
Uffa, der var no ei bosskorg like ved, så latskapen lenge leve. Men kanskje den lyste litt opp i kvardagen til denne karen.
Då var det over og no er det mobilen som må skjekkast,
Vilde ville ikkje heimatt med ein gong, så vi enda på bruktbutikk, Nokke som ho elsker,  og den intersessa har ho nok arva etter meg.
Uffa..
..men sjå her, passa akkurat. Det vart ikkje handel av kjole denne dagen, ho angra etterpå, så vi tek oss ei ny tur snart. No er det på tide å avslutte dette innslaget, sola skin ute, eg skal ikkje på jobb før til natta, så no må eg ut i det fri. Snakkast om ikkje så brått.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar