03.08.2017 Bytur til Washington DC
06.07.2017 The Independence Day feiring i Rockville.
Dagane, og ikkje minst vekene går veldig fort no. Har vore her borte over halve tida allereie.
Det har vore kjekt så langt, og jobben som nanny har gått seg til. Det var litt skremmande i starten, er tross alt ei stund sidan eg hadde åleineansvar for ein svolten baby, men øving gjer meister.Så no går alt så mykje bedre på det området. Han veks og trivast, er ein lærevillig liten fyr også. Prater med han (når han ikkje søv då :-) heile dagen...har no forresten ikkje så mange andre å prate med då..ikkje så mykje å få ut av bikkja heller. I dag er det feiring av Uavhengighetsdagen (USA) den 4. juli som står for døra, så no må eg prøve meg på å snakke skikkelig engelsk...det dukker visst opp nokre ekte amerikanere.
17.06.2017 Shopping at the Base.
16.06.2017 Saving the nature by the road side
No er første veka med åleineansvar for babyen bestått. Har no vore frampå både via FB og Instagram for å fortelle om den seieren...Det er eit stort ansvar kjenner eg, men både babyen og eg gjort framskritt. Matinga var den største bøygen, men det har gått fint som dåkke forstår. Pulsmåleren har gjort nokre toppmålinger innimellom. Har vore ein del ute med vogna og studert både det eine og det andre. Dette skiltet var nokke eg fekk sansen for. Regrowing er nokke dei brenn for her borte....
07.06.2017 Sushi på nye trakter må også prøvast.
Ja, no nærma det seg at eg skal ha eineansvar for babyen på dagtid. Det er med ein sverm av sommerfugla i magen kjenner eg, men først prøver vi å kose oss om dagane. Trur ikkje Marit har hatt så lenge "fri" på lange tider. To mnd. med permisjon er nok i minste laget, men må ho ,så lyt ho berre la det stå til. I dag var det sushien her i Rockville som skulle testast. Med ein nystellt og stappmett baby kom vi oss på plass, starta med nokre fritystekte skampi medan vi venta på resten...
07.06.2017 Å bli kjent i det nye nabolaget.
Ja, er eg altså på plass som "nanny" eller Besta. Det er ei stund sidan eg styra med babyer, så det er ei bratt læringskurve på kun fjorten dagar. Bleieskift å sånt har gått greitt, men bøygen er å bli trygg utandørs på eiga hand, geitt å kunne ty til vogna for å roe ein baby...
01.06.2017 Bryllup i Hanover MD
30.05.2017 Feiring av nasjonaldagen17.mai på Vatne
Er no litt på etterskudd som vanlig med desse blogginnlegga. Det vart litt hektisk i dagane etter 17. mai, for avgangsdatoen til den neste store hending dette året var allereie den 20. i same mnd. Så no sit eg som sagt her i USA og prøver å mimre litt frå nasjonaldagen heime ved hjelp av bilda eg tok. Håper ikkje heimlengselen innhenter meg.....
29.05.2017 Vilde sin dag
Bedre seint enn aldri er visst nokke eg må ty til ofte, også i dag. No sit eg her borte i USA og skal berette frå Vilde sin store dag. Konfirmasjon er ein dag både konfirmant, foreldre og besteforeldre ikkje minst, gler seg til. Før sjølve dagen må vi til kyrkja og vere med på det vi før i tida kalla overhøyring. Eg hadde seinvakt denne søndagen, sette på vekkerklokka for å vere sikker på at eg kom meg til kyrkja. Det såg ut til å bli ein vinterdag sjølv om kalenderen viste at det var ein maidag....
12.03.2017 Mitt lille bidrag for miljøet, bedre seint enn aldri.
Hallo, eg har no landa skikkelig etter utflukta ved juletider, nokke som eg har fortalt om i fleire omganger. Har ikkje hatt tid til å tulle med dinna blogginga, men no har eg nokke på hjerte som eg vil formidle. Dåkke lurer vel på ka denna utspjåka gamle puffen har med saka å gjere.....
01.02.2017 Ein labrapport frå Bethesda, Maryland, med etterfølgende bytur.
22.01.2017 Julefeiring i Junaiten, Jula 2016
15.01.2017 Må mimre litt om USA turen.
Då er vel tida komen til å mimre litt som sagt. Eg har landa i gamlelandet for lengst, og alle mine bekymringer for den lange turen vart gjort til skamme. Alt gjekk etter planen, og eg vart ønskt velkommen av både ein firbeint ...
Abonner på:
Innlegg (Atom)