Kom på at eg kunne lage eggemuffins då eg fann denne forma. Som tenkt, så satte eg i gang..
Leita i skuffer og skap og fann faktisk det eg trengte.
Skinke, mørpølse og ost måtte til, men litt sunne ting også..
Treng no ikkje fortelle alt i detalj, bilda viser prosessen.
Klar for ei stund i ovnen. Eg var svolten, så eg brukte ventetida til å ta ein titt etter nokke å bite i...
...men fann istaden masse oppskrifter på kule super smothies. Det ville eg prøve.
Denne oppskrifa frista meg til å prøve. Har no blitt titulert som Drama Queen mang ein gong av mine nærmaste.
Ein tur i frysaren etter bær, og fann passande tilbehør i kjøleskapet.
Likna no litt på fargen i allefall.
Ser fole godt ut.
Då var muffinsane ferdige og endelig tid for frokost.
Det vart frokost med dessert i dag. Det smakte kjempegodt, Hedigvis er eg ikkje plaga med høgt kolestrol, så eg kan fråtse litt med egg innimellom.
Det vart både frokost og niste ettersom eg har seinvakt i dag. Og jammen tok eg eit par muffins til lunsj også. Ja,ja..får finne på nokke anna i morgå, men det skal dåkke sleppe å bli belasta med. Venter på ei ladning med sild i desse dager...det skal dåkke få vere med på. Eg har store planer ..
Gode greier :)
SvarSlett