Sider

13.02.2016 F.I.T C9.Look Better. Feel Better del 2

Hallo igjen. Ein liten rapport frå gårsdagen. Hadde ein avtale med ei likesinna som dreg kampen ilag med meg. Vi har gledd oss til middagane, og no vart det kokkerlering i skumringstimen etter ein lang dag på jobb, det meste er på plass..

      
 ..og her er ho også på plass.

 Klar for å bli putta i ovnen. Kylling, løk, paprika osv..

Saus vart utbytta med ein slags tomatpesto, ser litt guffent ut, men det smakte godt og inneholdt berre sunne ting.


For å gjere ei kosestund ved kjøkkenbenken kort, så hopper eg rett til matbordet. Det er berre å gle seg ser dåkke.

 Her er altså dagens..eller skal eg kalle det kveldens høgdepunkt

Det er som sagt tomatpesto, ovnsbakt kylling, naturris og ein kjempegod salat. Det smakte nesten himmelsk.

Desserten vart oppspart fruktkvote med ferskpressa appelsinjuice til. Innveging i dagtidlig. Må seie eg er fornøgd med resultatet...minus 2.8 kg og tapt 16 cm rundtomkring. Ja, ja..får holde på nokre dager til på dette viset.og ut i neste veke kjem den store styreprøven, då er det fortsettelsen heilt til den gule buksa i skapet er passelig..

1 kommentar:

  1. Vart en kjempekoselig kveld, du e berre superflink å lage god, sunn mat og å presentere det på en fin og delikat måte:) Blir ekstra stas da:) Takk for en koselig kveld 🎉💕🌹

    SvarSlett