Sider

19.11.2015 Bakst med tanke på jula



God morgen! Tenkte å ta dåkke med ein tur ned i kjellaren i dag. Då jula atter ein gong nærma seg, synes ikkje det er lenge sidan sist forresten, så er det julebakst mange snakker om allereie, i allefall lefsebaking. Eg har ikkje prøvd meg på lefser, men før i tida laga eg flatbrød til jul, då held vi til på eit skulekjøkken. Den tradisjonen er nedlagt, så no vil eg prøve meg heime. Det er litt rotete med slik bakst, så eg tenkte at grovkjøkkenet i kjellaren må passe til slikt. Det første eg tenkte på var eit bakstebord, og valget vart det gamle sybordet ....så bli med ned i kjellaren...

Dette bordet er ei historie i seg sjøl. Det var far min og faktisk ein leigeboer i kjellaren, som har snekra det sammen.Etter krigen var det tre familier som bodde i dette huset,  og det var ikkje så lett å kjøpe møbler.Då eg studerte bordet lurte eg på om det var endå gamlare, då eg oppdaga nokke som likna runer :-)...men Håkon trudde ikkje på den teorien....

 ..det er i allefall gammalt og velbrukt. Eg hukser det stod i vakeskjellaren her og vart mykje brukt
.

Oppe på kjøkkenet igjen for å lage til deiga. Då vart det tauget som morfaren min på Stavset har laga..lenge før eg var født. Så dette blir både ein bakedag og ein dag for å tenke tilbake på gamle dager.
 Leita fram nokre mjølsorter etter etter slik eg huska det skulle vere, ..

 Leita tilslutt fram nokre skriblerier på eit ark,  og fann ut at husken er intakt endå.

 Dag 1 skulle halvparten av mjølet bløytast i 2 l kokt vaten, blandast, og stå over natta.



 Knødde inn resten av mjølet neste dag, og gjorde meg klar til innsats i kjellaren.


Det vart litt stille der nede uten  TV eller musikk. Så opp på loftet og leita fram endå eit gammalt bord, og fekk lyd på ipadden, så det ordna seg

 Då må eg vise fram første leiven,,

 ..ikkje heilt perfekt, teng å øve på dette.

 ..ja, ja..


 Har masse deig, så dette vil ta si tid, men har fri,  så no vil eg kose meg.

 Øving gjer mester, eit ordtak som ser ut til å stemme i dag også. Fornøgd med dette.

Det vart mange flatbrød (dette er ikkje alle), no må dei kolne og få ligge litt for å bli skikkelg sprø. Håper det stikk nokken innom for å smake. Må handle inn rømme, godt passelig pålegg, god drikke osv. Det blir kanskje nokke dåkke får bli med på også, hvis det sømmer seg å vise fram då :-)

1 kommentar:

  1. Sabla flink å bake du, synd ej ikkje kunne vere med den dagen. Håper vi kan bake ilag neste gong :)

    SvarSlett