Dette bordet er ei historie i seg sjøl. Det var far min og faktisk ein leigeboer i kjellaren, som har snekra det sammen.Etter krigen var det tre familier som bodde i dette huset, og det var ikkje så lett å kjøpe møbler.Då eg studerte bordet lurte eg på om det var endå gamlare, då eg oppdaga nokke som likna runer :-)...men Håkon trudde ikkje på den teorien....
..det er i allefall gammalt og velbrukt. Eg hukser det stod i vakeskjellaren her og vart mykje brukt
.
Oppe på kjøkkenet igjen for å lage til deiga. Då vart det tauget som morfaren min på Stavset har laga..lenge før eg var født. Så dette blir både ein bakedag og ein dag for å tenke tilbake på gamle dager.
Leita fram nokre mjølsorter etter etter slik eg huska det skulle vere, ..
Leita tilslutt fram nokre skriblerier på eit ark, og fann ut at husken er intakt endå.
Dag 1 skulle halvparten av mjølet bløytast i 2 l kokt vaten, blandast, og stå over natta.
Då må eg vise fram første leiven,,
..ikkje heilt perfekt, teng å øve på dette.
..ja, ja..
Øving gjer mester, eit ordtak som ser ut til å stemme i dag også. Fornøgd med dette.
Det vart mange flatbrød (dette er ikkje alle), no må dei kolne og få ligge litt for å bli skikkelg sprø. Håper det stikk nokken innom for å smake. Må handle inn rømme, godt passelig pålegg, god drikke osv. Det blir kanskje nokke dåkke får bli med på også, hvis det sømmer seg å vise fram då :-)
Sabla flink å bake du, synd ej ikkje kunne vere med den dagen. Håper vi kan bake ilag neste gong :)
SvarSlett