Sider

29.11.2015 Heimelaga julemør i år.


Hallo! Trur det var i fjor ein gong denne maskina kom i hus. Det var ein optimistisk jeger som hadde gått til innkjøp av dennne kule kverna..med pølsetut og greier. No skulle det bli kjøttdeig og ikkje minst mør fekk eg vite. Men hausten kom utan at det dukka opp nokke kjøt, og no er enda ein haust over, så det vart til at eg gjekk til innkjøp av div. ting for å få prøve dette vidunderet..



Det vart kortkjøpt kjøt frå Joker. Der fekk eg også tak i tarmar og elles det eg trong. Det var svinemør til jul som sagt, eg bestemte å prøve meg på.

 Dette ser no ut som ein kylling, men det er tarmane som ligg til bløyting berre.

 Leita fram det eg trong i følge ei oppskrift eg fann på nettet.



 Jegeren måtte trø til som kjøttskjerer.


Eg måtte no hjelpe til, for han klaga på forma..hadde visst smakt på nokke juleøl han hadde laga. Trur han skal få ha det for seg sjøl i jula.

 Inspeksjon av tarmane. Dette har eg aldri vore med på før, men eg har trua på at dette skal gå fint.

 Kverna funka fint den etter litt justering ..

Så var det å få blande farsen. Eg har kjøkkenmaskin sjøv også, men eltebollen vart alt for liten til ei så stor elte. Då kom eg på korleis mor mi banka fiskemat då eg var lita. Ho hadde ikkje mikser, så det var trauet ho brukte ilag med treklubba som hørte til. Eg blanda litt ferdigkjøpt oksedeig inn i svinefarsen, tenkte det var lurt. Treklubba var heilt perfekt redskap til dette. Som dåkke ser vart eg så ivrig at fotografen klarte ikkje å få til fokuserte bilder..det gjekk som ein leik.

 Salt, pepper og ulike krydderier måtte til.


Ei prøvekake måtte også til..justerte litt med saltet elles fekk det berre stå til. Vi vart enige om at vi prøver nokke anna neste gong,  om det ikkje dette blir bra.


 Det var no litt stryr, men vi fekk det til..

 Det blir møra med snurr i mellom .


 Mange møra..
Endå fleire møra..det vart over tre kilo og ser flotte ut.


Her heng dei til tørk, ikkje alle som er heilt perfekte då, men det gjer ikkje nokke. Dei skal henge nokre dager til mørning..det er no tross alt møra :-) Gler meg til å smake på godsakene, må teste dei før julaften, for det blir krise om dei ikkje fell i smak til resten av julematen. Skal gi raport frå den seansen ved ei seiare anledning. Det var kjekt å få det til forresten.

3 kommentarer:

  1. Kuli! Kan nokre frysast heeeeeeilt til neste haust???

    SvarSlett
  2. Du verden, dåkke e jammen dyktige, ser no heilt flotte ut, blir spennende å høre kor dei smake. Er så mange oppskrifter, men en må berre prøve seg fram:) Godt jobba, kjempekjekt når en får til ting en aldri he prøva før:) All grunn til å vere stolt av seg sjølv :)


    SvarSlett
  3. Det er nok for lang lagring. Du får bli med å lage til neste jul når du er heime. Håper dei er gode..

    SvarSlett