Sider

17.11.2015 Årets julebord i ca. 10 plussgrader.


Det vart eit tidlig julebord i år, tenker då på datoen og ikkje tida på dagen. Det er så masse som skal skje før jula ringer inn, og då var det greitt å få julebordet i boks, slik at flest mulig kunne bli med på moroa.I fjor fekk eg negative hint om antrekket av mine nærmaste, så i år troppa eg opp i min finaste stas for dagen for å få dommen...


Det enda med at jakka måtte vere på. Greitt å ha forståsegpåera i familien.

Kom meg avstad, og etter å ha kjørt både langt og lenger enn langt til skogs, vart vi tatt i mot av denne kvartetten. Kjempefine og spente trur eg. Dei hadde det pålagte vervet som julebordkomite, nokke som går på omgang. Dette tek dei nok på strak arm skal dåkke sjå..

Først fekk eg ei orientering om kvar i verden eg hadde havna, og deretter kor komitemedlemane bodde. Det var sulamittane som var verter  i kveld.


Då var det berre å ta seg ei runde å helse på kjentfolk, ikkje så lett å kjenne igjen folk når kvitekleda er bytta ut ...kjente att alle trur eg.Dette er ei av seniorane, held seg utrulig godt, og ser ut til og kose seg..

  
Her eit overblikk før eg måtte helse på nokre seniora til..

Fekk meg eit kompliment frå ho litt sinte...det var enten håret mitt som var blitt for kvitt eller så var det nokke anna gale..huska ikkje heilt ka det var..greitt det.

Vi fann oss godt til rette ved fint pynta bord og vart som seg hør og bør ønska velkommen.

Kokken , ein superkokk forresten, ønska oss til bords også. Han fortalte om kortreist og heimelaga mat, så det var berre å gle seg.

Forretten var no nokke spesiell, det var granskudd shot, var meininga at vi skulle få kvar sin støyt av kokken, men det vart til at vi måtte innta den sjøl etter beste evne.

..og slik tok det seg ut, litt skeptisk, men det smakte granskudd og skulle visst skjerpe matlysta.

Måtte berre avbilde den blidaste dama rundt bordet.

Så var det duka for eit skikkelig festmåltid..dei eldste først som seg hør og bør..




Masse mat og det smake kjempegodt.

Vi hadde også eit bursdagsbarn, ikkje farlig å feire på denne måten, god mat og masse damer. Ikkje rart han ser så fornøgd ut.

Underhaldninga for kvelden var bildequiz, Vanskelig i allefall for meg, som hadde brillene heime som vanlig.

Folket kosa seg og diskusjonen var litt dempa, for det var konkuranse mellom borda, og alle ville no vinne.

Ettersom eg ikkje kunne bidra så mykje pga brillemangel, så lurte eg meg rundt med kameraet.


Hm, fem damer, seks vinflasker og øl også..sei ikkje meir eg.



Kvelden gjekk fort og brått var det kakebord,

No kosa ho seg ser dåkke..gode kaker og kjekke kollega gjer susen.


Måtte ha med vinnerlaget, nesten alt rett tross vin og øl osv.

Bursdagsbarnet fekk også litt oppmeksomhet,

..staselig kar som fortjener ein sang.

Alt har som sagt ein ende, og her er det neste års festkomite som blir utnevnt, det var det siste på programmet. Etterpå var det dans for den som følte for det, og kjekt berre å prate med kvarandre i ei anna setting enn til kvardags. Det var ein kjekk kveld, med kjempegod mat som sagt, og alt gjekk fint føre seg. Eg var glad eg fann vegen gjennom skogen og kom meg vel heim. Dette var startskuddet for julefeiringa i år, berre å gle seg til resten..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar