Sider

16022015 Oppdrag Sunn Pizza




Tid for nytt innlegg på bloggen fekk eg høyre her ein dag, og så var det å ha nokke å berette då. Fekk ein link på facebook heilt frå USA for ei stund sia, med tips om  blogginnlegg. Det var ein pizzavariant med søtpotetbunn, sunn og god visst nok. Vilde har så lyst å prøve seg i kokkeyrket, så dette må vere nokke for henne, så vi avtalte ein dag for kokkerlering.

,
 Dette bildet dukka opp då vi åpna linken, såg skikkelig godt ut.
 Etter å ha leita fram det vi hadde i huset, og ein tur på butikken, var det berre å sette i gang.
 Trur ikkje ho hadde sett ei søtpotet før, ho synes den såg morsom ut, og måtte flire litt..
Poteta skulle bakast mør i mikroen, så det var berre å gå til aksjon oppdeling
 Bra nok ?? "Jada" var svaret frå mentor Besta
 ..og så inn i mikroen nokre minutt.
 Etter litt avkjøling måtte skalet av, litt kjedelig, men det gjekk fint
Vi hadde også ein  kjøkkenassistent på plass, Hedda fekk det viktige oppdraget med rett mjølmengde, 120 gr havremjøl. det fiksa ho lett.
Så var det å få til ei deig. Vi tok i bruk kjøkkenmaskin, det vart litt krangling om kven som skulle ha i egget, så det vart firhendig.
 
Det vart ei flott deig både i farge og konsistens.
 Vilde fiksa bunnen og Hedda fann seg i å sjå på.
 Flott..så inn i oven på 200 gr eit kvarters tid
 Då var det pizzafyllet. Karbonadedeig, løk og diverse krydder.
 Hedda ordna med tomatsmaken.
 Her er bunnen forstekt, litt avkjølt,  og fyllet har godgjort seg ei stund på svak varme.
 Kjekt å få legge siste hand på verket.
 Fole spent på om dette blir bra.
 No er vi klar til pizzakos. Sjøllaga og greier
 Salat . mais, rømme og litt ekstra krydder måtte til
Trur ho gler seg til å smake

 Det smakte godt
 Litt hardt arbeid ser det ut til, men med litt hjelp gjekk det bra. og det smakte godt
 Desserten var ferdigkjøpt, nok med ein heimelaga rett pr dag.
 Men sjokoladepuddingen fall ikkje i smak som dåkke ser, så redninga vart vaniljesausen
Så det vart ein vellykka slutt på måltidet. Vi hadde ei kjekk stund, og vart einige om å finne på nokke spennende å lage ein anna dag også. Kanskje det kjem fleire oppdrag frå USA, vi venter i spenning..

1 kommentar: