No er første veka med åleineansvar for babyen bestått. Har no vore frampå både via FB og Instagram for å fortelle om den seieren...Det er eit stort ansvar kjenner eg, men både babyen og eg gjort framskritt. Matinga var den største bøygen, men det har gått fint som dåkke forstår. Pulsmåleren har gjort nokre toppmålinger innimellom. Har vore ein del ute med vogna og studert både det eine og det andre. Dette skiltet var nokke eg fekk sansen for. Regrowing er nokke dei brenn for her borte....
..og ettersom er reklamerte for framtida, nokke eg faktisk fekk ein del positive komentara om, så er tanken på regrowing positivt i forhold til masse anna rart eg har opservert her borte. Såg ut som at skiltet skulle forklare kvifor ulike områder ikkje var snauklippt, strigla med plener og blomsterbedd.
Tok med fotoapparatet på ein av turane, tenkte berre å vise kor fint det grodde til.
Desse var som eit bunndekke og lyste opp.
Ulike tresorter, dei fleste med bær på. Såg ein fyr som plukka og tok ei smaksprøve. Eg fekk kontakt med min haltande engelsk, og han skrytte og brukte ord som "super good" og "healthy". Eg tørte ikkje smake på dei, tenkte at eg ville sjå om han dukka opp fleire gonger først,.Har ikkje sett han att, så dei lyt bli fuglemat.
Mange flotte grøne vekster, veit ikkje om det er sånt som veks vilt i naturen her, men dei får no vekse i fred og ro på tilmålte områder no i allefall.
Så flott å få sjå. Fortsett med å oppdatere oss, vi treng å lære om andre stader vi også. Alltid spennende å lese bloggene dine! Lykke til videre i ditt spennende liv som besta i USA 😃👍
SvarSlettHåper du trives med å passe lille Kyle Henrik, ser der fint. Så du får berre kose deg med barnebarnet!!😀
SvarSlett