Sider

30.10. 2016 Så er det safting som står på agendaen.



Endelig har eg funne ein dag til safting. Det viste seg at det  ikkje er berre å plukke bær i vilden sky. For det første så lånte eg enda ein saftkoker, men den også var  for gammal.  Med oppmarkna gummideler  lak den som ein sil . Så det vart til at eg fekk tak i ein splitter ny. Den er av stål og pynta opp på kjøkkenet....

30.10.2016 Tur med noko attåt


No er det vakre veret vi har opplevd i haust over for ei stund, men eg fekk no tid å nyte litt av det i vår frie natur. Eg er ikkje den som er så ivrig å springe på fjellet, men denne dagen vart eg lokka med på nokke som skulle vere ein liten snerten tur. Det viste seg å vere ein seig oppoverbakke som ingen ende ville ta. Må innrømme at eg ikkje var heilt motivert av denne grusvegen som skulle føre oss til eit Stikk ut mål...men min turkamerat hadde lova å bli med på ein anna ekspedisjon etterpå, så det vart til at eg beit tennene sammen og gjekk og gjekk..

27.10.2016 Ein tur rundt bygda før veromslaget.



No er hausten med all si fargeprakt på hell. Høgtrykka som har gitt oss vekesvis med sol frå skyfri himmel,er erstatta med lavtrykk, nokke som gir oss velkjendt  ruskever. Hadde seinvakt dagen før det braka laust og tenkte at eg måtte få med meg fargeprakta vi har hatt denne hausten. Det vart som sagt ein tur rundt bygda, så det er berre å slå følge....fekk no auge på ulike fotomotiv på turen.

16.10.2016 Svipptur til Molde















Tenkte det var på tide å logge meg inn på bloggen igjen. Det har ikkje skjedd så masse etter ferien i grunn. Dei første vekene regna det så masse at eg gjekk til innkjøp av regnklede i alle varianter på salg, fekk no testa dei ei vekes tid. Etterpå har det vore berre finever, sol frå skyfri himmel og vindstille. No har det seg slik at dei fleste går på fjellet og nyt fineveret , men det finst andre som har lyst på fjelltur, og som må ta til takke med ein biltur i ny og ne pga nokre forbaska krykker som fortsatt er i bruk. I dag går turen til Molde