Det er vel best å få overstått denne følgetongen frå bilturen i sommer. Dette er altså tredje og siste akt. Etter ein lang god frokost, tok vi farvel og takka fint for oss i Vedvika, og vi lovte å komme tilbake :-) Frå Måløy tok vi ferge til Oldeide, og då var vi komne til Bremangerlandet. Vegane var av same standard som dagane før, men vi kjørte slik gamle damer skal,og kom oss trygt fram til Kalvåg som var det endelige målet for turen. Bildet over er havna i Kalvåg.
29.08.2016 Elsatur del 2
Det tok si tid å fullføre innlegga frå bilturen. No tenkte eg å ta dåkke med til Vedvika, ei lita perle av ein plass ut mot Stadthavet. Vi fekk som før fortalt privat innlosjering, det var også ei lita perle. Tenkte dåkke kunne bli med på ein spasertur vi klarte å smette inn mellom regnbygene.
20.08.2016 Elsatur del 1
No er første feriebolken i 2016 snart over, mandag er det påan igjen. Vi sat og snakka om feriemål på jobb ein kveld, og då var det ei som kun hadde tenkt seg på nokre Elsaturer ..hæ, ka det er for nokke då, tenkte eg. Då kunne ho fortelle at ho var inspirert av turane eg la ut på bloggen, turer hit og dit i nærområdet. Vart no litt stolt av at eg kunne bidra i så måte. Så vart det Elsatura på meg også. Har invistert i ny bil..ja, ja den er no ikkje heilt ny då, men har ikkje fått testa den anna enn i Brusdalen nesten, så det vart ein tur ned til Bremangerlandet på smale, svingete og bratte opp- og nedoverbakka.
07.08.2016 Mitt bidrag for å redde verdens polinering.
Abonner på:
Innlegg (Atom)