Sider

25112014 Eplechutney på menyen.



 Hallo igjen. Tenkte å fortelle historia om epletreet eg har i hagen. Treet er nesten 70år gammalt og vart i si tid kjøpt av min far på Amdam. Det viste seg at epla var rett og slett så sure at ingen klarte å ete av dei. Mange har vore på slang opp gjennom åra, og eg har sett mange epler langs vegen som det kun er et bitemerke på.  Mor mi prøvde å lagre dei med håp om at dei vart bedre utover vinteren, men trur ikkje det lykkast heller. Eg har brukt dei som pynt som dåkke ser. Mange har hatt lyst å smake, men vart stoppa i tide.

 Her ser dåkke det som er att av det gamle treet.Eg ville sage det ned for nokre år sia, men då kom det ein vill protest frå ein av ungane. Han hadde så mange minner om kor han klatra og leika seg i treet, så det gjekk ikkje an.
 I år blomstra treet heilt fantastisk forresten, og så mykje epler som i år trur eg er rekord.
 Eg har plukka i bøtter og spann,og kasta, for som sagt har eg vakse opp med at dissa epla ikkje er menneskeføde.
 Her frå kompostbingen..
 Men her ein dag fekk eg besøk av ei sta dame. Ho vart heilt i ekstase då ho såg alle epla og spørte om å få plukke. Eg fortalte som eg har vore opplært til, at dei er nok berre til pynt, Men det trudde ho ikkje på, så ho plukka med seg og reiste heim . Etter eit par dager ringte ho og fortalte om ei kjempegod eplekake ho hadde laga, du må prøve var beskjeden eg fekk. Og som dåkke ser gjekk eg laus med ei rive for å få ned dei finaste epla.
 Det vart ikkje eplekake. Var inne på nettet og fann ei oppskrift på nokke som skulle passe til vilt. Eplechutney..spennende. leita fram det eg trengte, epler sjølsagt, chili, løk, eddik, salt, ingefær og sukker.
Sjøl om epla er fole sure, putta eg litt sitron i vatnet for å unngå at dei vart brune.
 Dette redskapet gjorde tilbredinga til ein leik.
 Så gjekk alt i gryta etter alle kunstens regler..
 Fann fram reine glas...
 og slik enda det. To glass med eplechutney, som skal brukast på same måte som tytterbærsylte til kjøtt og det ein måtte ønske. Så var det å teste produket som var neste punkt. Heldivis kom det ein svolten kar med det same eg var ferdig å skru på lokka, Eg fekk han til å smake det til middagen og jammen ville han ha meir. Suksess med andre ord.
Dette ser no litt guffent ut, men det er" byggotto" Bygggryn med kylling, løk og grønnsaker og ein klatt eplechutney. Til min store glede smakte det godt. Tenker på det stakkers treet som har bore fram epler i alle desse åra til ingen nytte. Hadde det ikkje vore for dinna stae dama,  så hadde eg nok ikkje prøvd å lage nokke av dei .Det neste er eplemos og kanskje ei kake til helga.

1 kommentar:

  1. Den som intet våger, intet vinne:) Fin historie, fine bilder og resultatet ser kjempegodt ut:) Flink du Elsa:)

    SvarSlett