Sider

17.06.2017 Shopping at the Base.



Ein ting som er uvant for meg her borte er å handle i stort annakvar laurdag. Eg er oppvaksen midt i sentrum på Vatne, og den gongen var det butikker på nesten alle hushjørner. Ikkje for å skryte, men slik var det i den tida...Roaldbuda, Kopra, Borghildbuda, Ludvikbuda, Bruteigbuda...osv. så det var å springe ned på buda, i allefall eit par gonger om dagen. No har det seg slik at Marit og gemalen har tilgang til nokke dei kaller Basen. Det er militært område som er tilrettelagt for dei aktive i militæret og for veterane, og inneheld ulike butikker, boligområder og vanlig militær aktivitet. Det er fleire slike baser her i USA, trur ikkje eg skal begi meg ut på å forklare dette fenomenet, men eg har forstått det slik at dette er ein måte å ta vare dei i"The Army"på, både aktive som sagt, og ikkje minst pensjonerte veteraner og deira familier. I dag er det laurdag, eg har fridag og sit her for å prøve å ta dåkke med på ein storhandel...eg var med sist gong, men let dei sleppe å ha meg på slep i dag..

16.06.2017 Saving the nature by the road side


No er første veka med åleineansvar for babyen bestått. Har no vore frampå både via FB og Instagram for å fortelle om den seieren...Det er eit stort ansvar kjenner eg, men både babyen og eg gjort framskritt. Matinga var den største bøygen, men det har gått fint som dåkke forstår. Pulsmåleren har gjort nokre toppmålinger innimellom. Har vore ein del ute med vogna og studert både det eine og det andre. Dette skiltet var nokke eg fekk sansen for. Regrowing er nokke dei brenn for her borte....

07.06.2017 Sushi på nye trakter må også prøvast.


Ja, no nærma det seg at eg skal ha eineansvar for babyen på dagtid. Det er med ein sverm av sommerfugla i magen kjenner eg, men først prøver vi å kose oss om dagane. Trur ikkje Marit har hatt så lenge "fri" på lange tider. To mnd. med permisjon er nok i minste laget, men må ho ,så lyt ho berre la det stå til. I dag var det sushien her i Rockville som skulle testast. Med ein nystellt og stappmett baby kom vi oss på plass, starta med nokre fritystekte skampi medan vi venta på resten...

07.06.2017 Å bli kjent i det nye nabolaget.

Ja, er eg altså på plass som "nanny" eller Besta. Det er ei stund sidan eg styra med babyer, så det er ei bratt læringskurve på kun fjorten dagar. Bleieskift å sånt har gått greitt, men bøygen er å bli trygg utandørs på eiga hand, geitt å kunne ty til vogna for å roe ein baby...