Sider

24.07.2016 Kay og Koy inviterte til William sin barnedåp.

Søndag med  finever, og eg er så heldig å få bli med i barnedåp.Stod opp i god tid og var ferdig pynta lenge før kirketid. Det vart nokre sjølknips for å korte ned ventetida før avgang, det var glirever, så eg ser litt morsk ut...men eg var i godt humør og gledde meg.



 Her ser dåkke kvifor eg fekk vere med, han treng ein brukerstyrt assistent ei stund til.

 Sermonien var i Ørskog kyrkje. Har ikkje vore innom her før,..lyst og fint kyrkjerom.


 Litt nifst akkurat dette då, men det var slik det endte ifølge skrifta.

 Så var det heile i gang, stolte foreldre med dåpsbarnet som fekk åpne sermonien.

Dåpsbarnet var heilt eksemplarisk, det var ikkje eit knyst å høyre...så han er nok fornøgd med navnet sitt....William ..flott navn.

 ..så var det velsigning og tradisjonell sermoni.



 Flott og staselig kyrkje også.

 Vi var nesten dei første som ankom festen og var imponert over den fint pynta stova..

..og den flotte utsikta dei har.

 Det var mange gjester, så det var greitt å få tildelt sitteplass.


 Skikkelig fint pynta.

 Gåvene strømte på, kortet i midten er vårt bidrag.



Så dukker hovedpersonen opp, våken og nyskjerrig på alt oppstyret...og like blid.

 Det var full aktivitet på kjøkkenet, og det var ikkje måte på alt som stod på menyen.

 Det ikkje berre såg fantastisk ut, det smakte kjempegodt også.

 All grunn til å vere stolte.

Så vart alle ønskt velkomne, og vertsskapet nytta høve å takke alle som hadde hjelpt til både med denne festen, og ikkje minst all hjelp i løpet av det siste året,  med å få ferdig den vakre heimen dei kunne vise fram.
 Kjempegodt..dette er første omgang :-))

 Så var det kaffi og kaker som stod på menyen og damene diska opp og imponerte alle.


 All grunn å vere stolte, kjempeflinke damer.

Så er alt klappa og klart for finale. Trur dåpsbarnet også beundrer det fantastiske kakebordet. Dette får også bli finalen på dette innlegget. Er glad eg fekk bli med,  takker vertsskapet både for maten, og for å ha ei trivelg stund i lag med både kjente og nye bekjentskaper...og ikkje minst få vere med på dåpen til lille William.

1 kommentar:

  1. Takk for at du kom, Elsa, det var kjekt å ha deg der, og å sjå dette blogginlegget. :)

    SvarSlett