Eg var på tur i helga som var. Fekk nyss om to stykker som hadde tenkt seg ut på Smøla, og då var eg snar og henge meg på. Har aldri vore der før, så dette gledde eg meg til....sjøl om eg ikkje liker vindmøller..
Tok meg fri på fredagen og vi starta tidlig, sånn i nitida. Det var ikkje så langt og fergene, tre i alt, var synkroniserte, så vi var framme sånn i ett- totida . Fann fram, og vart ønskt velkommen til gårds av dette flotte skiltet.
Her er det vi møtte, ei fin leilighet med god plass til tre damer. Kvart sitt soverom med eget bad, så dette lova bra.
Det var ikkje så lett å ta bilder lenger, alle har nok ein mistanke om å bli lagt ut på nettet, så då blir det ofte sånne med kommentaren :...nei, slutt opp..ikkje ta bilde no. Vi kosa oss i allefall med pastasalat, kvitløksbrød osv...
Det var både sol og regn første dagen og då blir det regnboge..
Tok meg ein tur for å ta bilder, er blitt hekta på gamle hus i alle varianter for tida.
Hm, her fekk eg Torhild på skuddhold utan protest. Ho var så begeistra av plassen at dette ville ho forevige.
Det var mange utleigeboliger her på Øien, vi bodde i den bakerste på bildet.
Ein liten detalj berre, parketten som pryda golvet i eine sjøbuda.
Leita etter tall på desse blåsene, tenkte at eg kanskje hadde flaks å få fem rette i lotto..berre tulla..fint motiv berre.
Her har vi inntatt pubben på Veiholmen. Det viste seg at det var festival denne helga, og det måtte vi sjølsagt få med oss. Godt øl og masse folk i alle variasjoner..
Eige øl også, det smakte godt.
Likentil eige mannskor, kjempeflinke, og karane skapte god stemning innadørs. Det trengtes, for ute var det regn og kraftig vind.
Trur karane fekk godgjort vergudane, for då vi hadde både drukke og inntatt eit bedre måltid, letta både regnet og vinden, og vi fekk sett oss rundtomkring på fiskeveret.
Else og Astrid. Ho i midten fekk eg ikkje med meg namnet på, men ho skal nok vise korleis kvinnene her ute i havgapet opplevde kvardagane før i tida. Eit flott minnesmerke.
Storbåra er ikkje langt vekke som dåkke ser.
Husa var pynta, litt rakved og litt anna..
Det var småbåtane som var i fokus denne helga, dei kalla det småbåtfestival, så hamna var tettpakka so dåkke ser.
Så var det vindmøllene då. Det er nok best eg ikkje fortel ka eg synes om dette fenomentet, har no sett dei ...
Ja, ja..store og majestetiske i allefall.
Trur dette er det nærmaste eg kjem hotellgjennomtrekk.
Supert fotomotiv synes eg.
Flott billedramme, litt i største laget kanskje.
Siste dagen var det finever og då var det ut å ta bilder igjen.
Fekk no samla oss til eit gruppebilde tilslutt. Elsa, Astrid og Torhild frå venstre mot høgre.
Dette er husfrua Else, ho tok oss med på ei runde på garden. Det var fint der, så kanskje vi dukker oppatt ein anna gong.
Det var flott her ute ved havet. Vi fekk som sagt med oss både regn og sol og ein festival på kjøpet. Treng ikkje reise så langt for å oppleve nokke nytt. Eg har snart langfri , dinna ekstraveka du får når du bikker ein viss alder, må finne meg eit nytt turmål . Kanskje til fjells neste gong.
Så mange fine bilder. Du he auge for det gode motiva, artig å vere på tur i slike spennende omgivelser 👌☀️🎈
SvarSlett