Har pynta på trappa og fann ut at det måtte litt pynting til ved siden av trappa også.
Uffa, dette vart ikkje bra. Tenkte å ha salat, litt urter og erteblomster i denne karmen. Men nabokatten hadde andre planer enn meg. Prøvde alle slags kjerringråd for å skremme den , men til ingen nytte. Han trudde sikkert at det var et do, så det var berre å gi opp.
Her som dåkke ser, er alle spor etter kattedoen fjerna. Eg fann no ulike kjørel i løa som kunne brukast til forvandlinga. Var først ein tur på hagesenteret på jakt etter krukker og kar, men synes det er dyrt sjøl om dei halverer prisen, Men blomster måtte eg ha.
Synes det vart flott eg, litt kjøpt og litt sjølavla.
Må no vise fram karmane mine enda ein gong. Reddiksesongen er over. Sådde blomstereng i eine karmen og det er her ringblomstrane dominerer ilag med litt kornblomster. Det har ikkje vore optimale verforhold i år, så avlinga ber nok preg av det..trur eg då :-)
Grønnkålen kom til slutt, men til mi store sorg er det ett eller anna vesen som går til angrep på dei flotte blada. Det må vere et nattdyr, for eg såg aldri nokke i dagslyset. Fann ut at det var kålfluger som herjer i hagane i år..las det på nettet..har fått tak i nokke å sprute på og håpe at det går over med skrekken.
Ertra har også hatt flugeangrep, men berre på blada heldigvis.
Dette er blomstrane til den overmodne rødløken som eg planta .
Blomsterenga, eg planta nok litt for tett, så neste år kan eg ikkje vere så raus med frø.
Må no ha litt moro utandørs , så lønnetreet får hjelpe til med det.
Ser ikkje heilt fornøgd ut, men sånn vart det.
Humla er berre ein skygge av seg sjøl i år. Sikkert mangel på sol og varme det oogså.
Bambusen trivst iallefall, veks nesten som ugras, så den må eg holde eit auge med.
Hyllen ga meg eit lite sjokk i juli, blomstrane berre datt av, men det gjekk over med skrekken, så no er den i rute ser det ut til.
Rødløkblomteren på nærthold..kjempeflott. Glad eg ikkje kasta løken i bosset slik eg vanligvis gjer når eg har kjøpt meir løk enn eg klarer å bruke opp.
Eg har fortalt om det gamle epletreet før og om alle epla det har avla fram til ingen nytt heilt til i fjor. Gledde meg faktisk til eplehausten i år, men det vart ein skuffelse. Om det er kulden i vår eller humlemangel er ikkje godt å sei, men dette er det eine av tre epler eg har sett..trist
Litt fleire på nytreet, men det blir nok ikkje heimelaga eplesylte i år.
MEN..det vart gulrøtter tilslutt. Sådde frøa den 22.april innadørs og passa dei etter alle kunstens regler.Det er små knaskegulrøtter, berre til opplysning hvis dåkke synes dei ser små ut :-)
MEN.. no sel dei gulrøtter i bunkevis på tilbud i butikken... nesten gratis :-(
MEN..sjølgjort er velgjort, og dei er i allefall fri for sprøytemiddel og kjempegode.
Den raude prikken er årets siste reddik.
Det vart ikkje den store matauken i år, men vil prøve til neste år også. Skal plante kvitløk i helga, for den skal godgjere seg i jorda over vinteren har eg lest meg til, så ønsk meg lykke til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar