Sider

02.08.2015 Sommerferien 2015 del 2



Ja,ja..fire veker med ferie utan nokken plan vart litt kjedelig i regnveret. Så ein dag kom Vilde og lurte på om eg skulle på tur. Ingen plana som sagt, og då fekk eg klar melding om at vi skulle til utlandet. Det kom litt brått på, så eg fekk ho med på at vi skulle ta oss ein tur til Fevik. Eg hadde ein invitasjon om å komme ein tur dit i sommer i lag med Hedda, for det frista å ta henne med til Dyreparken i Kristiansand. Sånn vart det.  Siv stillte opp med både husrom, skyss og elles det vi måtte ønske, så vi satte oss på flyet og let det stå til...

Får starte som vanlig frå punkt A :-) Her er det mor som ønsker dei  god tur, Hedda er alt på plass inne i bilen. Den er så trang og krøkkete å komme inn og ut av, at vi tok oss ikkje tid til å vente på at ho fekk bli med på bildet...vi måtte rekkke flyet.

Det viste seg at vi hadde god tid på flyplassen og hadde tid for sjølknips. Det vart enda eit bilde der vi ser litt rare ut, Vilde er lik seg på alle bilder og smiler fint.

Klar for avgang til Oslo med litt venting i sikte..tre tima før neste fly til Kjevik.

Ventinga gjekk flott, dei var veldig tolmodige og kosa seg faktisk.

Siste etappe og det var kveld allereie.

Tenk å få legge seg i ei slik flott seng, og no var det å få sove då..

Neste morgen var vi åleine heime, og Hedda fann seg godt til rette. Trur dette er drømmehuset, ho let att døra og ville ha fred.

Dette er på veg til bussen, vi avtalte å møte Siv i Grimstad ut på dagen. Der var både cirkus og forskjellige aktiviteter på gang.

Her frå havna i Grimstad der rikingane frå Sunnmøre viser seg fram...tenker då på båtane i bakre rekke. Eg kjente ingen av dei.

Salgsboder i lange baner..

..og vi lokka Siv med på cirkus.

Neste dag var det dyreparken som stod på programmet. Siv var på jobb, så det vart bussing, men det var berre kjekt. Ikkje så ofte desse to tek bussen.

Det var ein varm dag, og litt lang kø, men vi fekk med oss framsyning om Hakkebakkeskogen, det var verdt ventinga synes Hedda og eg i allefall.




Hedda kosa seg. ho kjente til heile historia og let seg rive med.

Vart litt skeptisk då Bamsefar ville helse på henne, så det let ho andre få gjere.

Men vafler på pinne takka ho ikkje nei til. Dei var kjempegode.

Vi var så vidt innom Kardemommeby, men Vilde synes det var vel barnslig, så det vart berre ein snartur.Det var tømmerrenna ho var på leitig etter.
Hedda fann seg i det..enn så lenge.

Når du er i ein dyrepark, så må ein kanskje sjå litt på dyr også. Vi tok runden og fekk med oss det meste. Dei ville norske dyra var ikkje råd å få auge på, så det vart dei mest eksotiske som viste seg fram.


Litt nærkontakt også.


Trur Julius er ein av desse to, vanskelig å skille dei, alle såg like ut synes eg.

Hedda hadde lyst å denne, men den var litt for stor å dragse på..

Så var første dag i dyreparken over. Litt styr å finne bussen heimatt. Etter litt fram og tilbake var vi på rett busslomme.  Hedda fann seg to venninner, så ventetida gjekk fort heldigvis.

Neste dag var Hedda sin dag. Det var Kardemommeby som stod først på programmet.
Vilde fekk bestemme det meste første dagen, og no fekk Hedda kose seg.

Her i tante Sofie sitt hus.

Like barnslig i dag, men ho var fole tolmodig som dåkke ser. Litt stram i maska, men det gjekk bra.

Glimt frå fengselet.

Her er det litt servering i togkøa.

Det vart verdens korteste togtur, for akkurat då dei skulle på rundtur dukka røverane opp.

Tante Sofie også.

Etter å ha fått med oss heile forestillinga om røvertoktet til Kasper, Jesper og Jonathan, måtte vi få oss litt vått og tørt.

Hedda var ikkje så begeistra for alle gjessene som tigga etter mat, så alt gjekk ned i full fart.

Vi kosa oss med nokre digre kakestykker som dåkke ser...kjempegode.

Alt har som sagt ein ende, og då vi synes at vi hadde sett det meste i dyreparken, var det Ikea som var neste mål.

Vi titta og handla litt småtteri, men den billige isen var visst det kulaste ifølge Hedda. Ho hadde penger sjøl,  og kunne kose seg med isen uten å takke for den fann ho ut.

Ikkje berre dei to dagane i dyreparken hadde ein ende, det hadde også oppholdet på Sørlandet. Vilde hadde eit siste oppdrag og det var å ta knekken på brusngla i hagen til Siv. Ho hadde vore på Østlandet før ein gong og visste korleis det skulle gjerast, ditta kunne ho.Siv kunne fortelle at sniglane held seg vekke etter dette, enn så lenge sikkert. Det får bli siste glimt frå turen. Vi flaug heimatt og var einige om at det var ein kjekk tur. Hedda snakka om ka ho ville finne på neste gong ho kom på besøk til Siv ..så då så...måtte det vere ein velykka opplevelse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar