Sider

02.08.2015 Sommerferie del 1


Hei igjen! No som den etterlengta sommerferien allereie er eit tilbakelagt kapittel, er det tid for å titte på bilder av nokke av det eg fekk med meg. Synes det er tidlig å ta fri i midten av juni, men sånn er det der eg jobber ..men vi bytter på, så neste år klaffer det med fellesferien.Første helga vart ein kortreist tur..dei fleste kjenner nok att fyret på Ona. Så bli med og ta ein titt..



Måtte til topps første dagen for å få full oversikt. Det var kraftig vind, men opplett.

Las ein plass at det er ein ny trend å vise rare eller mislykka bilder av seg sjøl, så eg valgte dette av mitt kjekke reisefølge og meg sjøl...det er eit sjølvknips i full storm.

Neste dag stilna stormen og vi fekk oss ein tur rundtomkring. Dette er Torhild som konkurerer med dei flotte lupinene i fargevalg. Det er best å forevige desse blomstrane for dei er dødsdømte pga fare for den norske floraen.

Elles var det mange fotomotiv der ute, så det er berre å slå følge..

Ei enorm steinrøys som visst nok er freda.

Dette er kyrkjegarden med ein imponerende steingard

Masse arbeid som er lagt ned her.

Torhild som er sjølverklært steingal, gjekk nesten berserk i denne røysa. Heldigvis visste vi ikkje at steinane var freda.Hadde det vore veging av bila før fergeturen heimatt
, hadde vi nok vorte stoppa :-)

No er vi på Ona igjen og endå fleire fotomotiv.



Det vart litt farting att og fram mellom dei to øyane. Her på Husøya fann vi desse vakre gule steinane, eit nytt fotomotiv som dåkke ser.


Mange flotte bilder av blomster som klora seg fast der ute i havgapet.




Det vart såpass ver at vi fekk grilla litt også.

Det nærmaste vi kom for å oppleve ein solnedgang.

Dette er huset vi disponerte.

Siste dagen viste vergudane seg virkelig fram. Sol og varmt, så det vart endå ein tur rundt med fotoapparatet. Denne dama er satt opp for å vise korleis kvinnene her ute hadde det i stormfulle tider. Det var nok ikkje alle som kom heim frå fiske i gamle dager.

Fergeleiet i lause lufta ser det ut som,..

Fyret atter ein gong.

Vi måtte ut att på den flotte stranda ein gong til.
.

Hadde nok bada om badetøyet var med..

Dette får bli siste glimt frå turen. Vi hadde nokre kjekke dager,  og for Torhild var dette første gongen på disse trakter, men ikkje siste sa ho. Så kanskje kjem det ein reportasje herifrå om ikkje så lenge.. det var mange steiner ho måtte reise ifrå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar