Sider

06.07.2015 Løpstikke kan det brukast til nokke då?

Halloen! No har eg hatt ferie i fjorten dagar allereie og har gått her å tulla i Haugane 12. Det vart heldigvis nokkelunde godt ver, så det vart som ein eksplosjon i vekstkassene eg prøver meg på. Har hatt ei krukke med løpestikke nokre år, men har aldri prøvd å lage nokke av den. Ho pynter no fint opp i beddet og i år blomstrer den også. Måtte til å google litt om løpstikke og fann ut den kunne brukast til masse godt. Valgte å prøve meg på ei suppe...

 Her kan dåkke sjå blomsterstengelen som rager over dei andre i bedet.

 Må no vise fram litt av det som dukker opp...gulrot, reddiker, litt løk og likentil rukkola ser det ut til.

 Måtte fram med padden og fann ei oppskrift som lokka meg til å prøve.

Tok ei oversikt om ka eg hadde i skapet, og brukte oppskrifta som støttekontakt...men her mangler det viktigaste, skimter løpestikka ute i beddet , så det var berre å løpe ut å hauste :-)

 Her er ho på plass og det er berre å sette i gang.

 Smør måtte til..

 Løken er klar for ein omgang i gryta i lag med ein klatt smør.

Så var det 1 liter grønnsakskraft. Lenge sidan den gamle muggen har vore med på mine eksperiment, men i dag fekk han gjere nytte for seg, den rommer akkurat 3 dl og er kjekk å ha som medhjelper.

 Hakka løpstikkeblada og så rett i gryta.


 Litt brød stod det i oppskrifta. heimelaga sjølsagt.


 Skulle også ha grasløk, men den går nesten i frø, så eg valgte å bruke nokre blomster av den berre.

 Litt timian og persille..

 Grasløk på boks og litt ramsløkpesto. Dette må bli bra.

 
Etter eit kvarters koking og ein omgang med stavmikser, vart det suppe med ein litt trist farge. Skulle vere rømme, men var fri for det , så litt creme fraiche fekk vere bra nok.

 Ser fole trist ut, men smakte faksisk ikkje så verst. Litt karrismak faktisk.

Dette er det ferdige produktet, pynta med grasløkblomster og litt fersk timian. Muggen ser no fole fornøgd ut, ser nesten ut som den har nasen i sky. Hadde no besøk av av eit par stykker idag som ikkje hadde hørt om løpstikke nokken gong, begge måtte fint sette seg tilbords og smake, og jammen fall den i smak. Så no lever løpstikka i hagen farlig. Har lest både om løpstikkete, -urtesalt og -pesto. Kan no bli fleire blogginnlegg om denne urten...kanskje.

2 kommentarer: