Sider

15.06.2015 Ein juni som alle snakker om.

Nei, no blir det lenger og lenger mellom kvar gong eg er innom bloggen. Har ikkje hatt så mykje å berette om heller. Alle har vore opptatt av veret og sommeren som let vente på seg. Heldigvis så er eg vanligvis ikkje versjuk som det heiter, men må innrømme at det butta litt imot ei stund. Hadde ein etterlengta fridag for nokke sia, spratt opp til blå himmel som dåkke ser...

..titta ut på prosjektet eg har i hagen og gledde meg til ein fin dag med hagestell.

Men før eg var klar for å komme meg ut av døra var det heile snudd. på att med regn og skodde.


Så det enda med at eg tok meg ei runde med fotoapparatet. det var ikkje berre eg som hang med nebbet som dåkke ser..

Dinna har no fått seg ein skikkelig knekk.

Har sått meg ei blomstereng i eine kassa, men det såg nesten ut som om frøa drukna.

Valmuene så litt leie ut også


Marikåpa derimot såg ut til å like seg godt, pynta til trengsel med perler i ulike fasonger :-)

Håper ikkje desse søker ly innadørs..

Parasollen har ikkje vore oppe sidan i fjor ein gong

Dinna heng på løveggen i tilfelle regnet ikkje gir seg snart.


Dette skal no berre pynte litt opp,

Grasløken ser no litt opimistisk ut i allefall

Ho er litt strammare i maska denne dama, venter nok på bedre tider og ny hårpynt, den forsvant ei stormnatt.

Regnet fortsatte heile dagen, så det vart ikkje nokke av alt eg hadde gledd meg til.


Plukka inn tulipanane som var skada, fekk gle meg over dei inne istaden

Men så var det eit solgløtt ein dag, og det måtte forevigast.

Minner meg litt om svaner
Desse bilda er nok tatt nokre dager seinare, då regna det igjen.

Valmuene kjemper i regnet

Frøa eg sådde er det heller ikkje nokke futt i. Det må nok sol og varme til.Det er berre å vere tolmodig, får eg det ikkje til i år, får eg prøve til att neste år.

2 kommentarer:

  1. Kjempeflotte bildet, moro å lese :)

    SvarSlett
  2. Ditta kan du, må vere like trottig med bloggen din som du er med alt det andre du styrer med:) Reine kunstneren du Elsa :) Stilige bilder :)

    SvarSlett