Dagane, og ikkje minst vekene går veldig fort no. Har vore her borte over halve tida allereie.
Det har vore kjekt så langt, og jobben som nanny har gått seg til. Det var litt skremmande i starten, er tross alt ei stund sidan eg hadde åleineansvar for ein svolten baby, men øving gjer meister.Så no går alt så mykje bedre på det området. Han veks og trivast, er ein lærevillig liten fyr også. Prater med han (når han ikkje søv då :-) heile dagen...har no forresten ikkje så mange andre å prate med då..ikkje så mykje å få ut av bikkja heller. I dag er det feiring av Uavhengighetsdagen (USA) den 4. juli som står for døra, så no må eg prøve meg på å snakke skikkelig engelsk...det dukker visst opp nokre ekte amerikanere.
Dette er vertskapet, planlegging er viktig for at feiringa skal bli vellykka. Det er som sagt USAs nasjonaldag som skal feirast, og i dag er det 241år sidan USA skreiv under om uavhegighet frå Kongeriket Storbritania, den 4. juli 1776. Feiringa går ut på å ha eit godt måltid, sosialt samvær og ut å titte på eit 20 minutt langt fyverkeri. Parader å sånt var det sikkert down town DC, men vi hadde lita lyst ned i folkemengda med babyen, så det får bli ein anna gong. Hørte etterpå at fleire var skada og ein faktisk forulykka under feiringa, så det frista ikkje ein anna gong heller.
Vi ( eg måtte trø til med mine matkunnskaper også) starta forberedelsene dagen før. Posta dette biletet til ein i heimlandet, han trudde det var ei eplekake...men det er eit kjøtstykke på fem kilo som skal bli pulled pork. Då var slow cookeren god å ha, eg har ein i litt mindre format, så den oppgåva tok eg på meg.
Er det ok?? Har rydda og pynta litt.
Klar til angrep på kjøtstykket som har stått i cookeren på lav varme natta over.
Heit perfekt, det vart pulled pork så lett som berre det.
Så var det endå meir kjøt i ovnen, det var visst fole varmt, og det gjekk så fort føre seg at eg fekk problem med dokomenteringa ser dåkke.
Perfekt temp. og alt er fryd og gammen.
Vi tok det lettvint med tanke på oppvasken. Har faktisk oppdaga at plast og papp er vanlig å bruke i kvardagen her borte...ja,ja lite eg kan gjere med den biten anna enn la det stå til.
Då er det meste på plass og tid for eit sjølknips. Eg har pynta meg med det eg hadde med Stars and Stipes på. Ho andre hadde blå shorts, så fargane var på plass.
Då var det å ønske velkommen og ta imot gratulasjoner med The Green Card, og ikkje minst ønske om ein happy 4. of july.
Dei kom ikkje i samla tropp, litt vansker med trafikken pga feiringa. Det var satt opp sperringa rundt området her, for parken like ved var omgjort til festplass med underhaldning og tilslutt fyrverkeriet alle gledde seg til. Hunden var i topp form, og fekk seg en ny leikekamerat med ein gong.
FB og posting av bilder høyrer med.
Tilbake til måltidet..
Ei som trivast på kjøkkenet, draumen er egen kafe kunne ho fortelle. Ho varta opp med desserten.
Potetsalat på norsk og amerikansk, like gode faktisk. Vi serverte brød og ulike sauser til.
Så var det å nyte maten og tid for litt smalltalk.
Endelig kunne hovedpersonen delta. Ei stund sidan gjestane hadde sett han live...instragram då men. Alle var enige om at han hadde vorte stor gut sidan sist dei såg han, og veldig vakker.
Jammen er han blitt fotogen, veit kor det skal gjerast ser dåkke for å sjarmere.
Desse to brukte ventetida på fyrverkeriet med å titte på bilder frå Norway. Ho var frå Dallas og fekk virkelig sansen for Norway. Ho var sikker på at dit skal ho ein gong. It is so beautiful there, så eg inviterte henne på flekken.
Då nærma det seg fyrverkeri, og det viste det seg at vi hadde fått ei kjempeflink trillepike for kvelden.
Vi hadde parken som mål. Det hadde akkurat vore eit skybrudd med regn og torden, men det klarna opp i tide.
Masse folk hadde same mål som oss.
Nokken inntok marka foran det som er att av King Farm. Det har vore ein kjemestor farm ein gong som deiv med mjølkeprodusjon. No er alt utbygd med boliger, berre litt av driftsbygningane står att for å minne om det som ein gong var distriktes største farm.
Vi tok turen opp til parken.
Så starta showet til alle si begeistring.
Det vart nokre dårlige bilder, skulla kanskje hatt meg eit fotokurs, for bilda vart ikkje bra.
Takk for no ( har lagt ut bilder både på FB og Instagram, men fekk lyst fortelle litt likevel)
Kjempefine bilde og kjekt å lese, sikkert en opplevelsen å få vere med på 😊👍
SvarSlett