...og det var denne doningen som skulle brukast. Etter litt nervøs kjøyring og ein del konstruktiv kritikk som han kalla det, kom vi oss trygt til første ferge.
Det vart ein tøff tur over til Geiranger, ein del tåke og sjølsagt turistbusser på dei smale kronglete vegane, og enda meir konstuktiv kritikk...men det brydde eg meg ikkje om faktisk.
Måtte ta meg ei pause nede ved fjorden og ta bilder.
Ja, ja veit ikkje heilt ka dinna mina betyr..
Tok no ett bilde til eg.
Her måtte han ut å titte på naturen ilag med masse andre turista.
Vi er nesten oppe ser dåkke , så det går bra.
Det vart berre eit lite stopp, han ville videre. Eg visste ikkje kor han hadde tenkt seg, så det var berre å ta eit fort blikk på utsikta og ta endå eit naturbilde. det er no flott i Geiranger.
Etter nokre mil vart vi både tørste og fekk lyst på nokke å bite i. Vi fann ikkje nokken hadicapinngang, så han måtte fint ta alle trappene.
Kafeen var stengt så tidlig på dag, så det vart frokostbuffet i staden..like greitt det.
Det var skikkelig flott der, mange fint pynta stover.
Flott ute også, fekk no ein ide om å ta ei fjellbjørk inni i hagen heime eg.
Etter frokosten forstod eg at turen gjekk til fjells. Dette bildet tok eg på veg opp mot reinheimen. Det er faktisk ein rypekylling som prøver å gjøyme seg for inntrengeren. Vi let den få fred.
Her vi komt til endes på vegen langs Aursjøen og over tusen meter over havet. Eg fekk no eit innblikk ka vidder det er snakk om når jakta er i gang. Kikkerten låg att heime, trur han hadde tenkt å titte etter rein.
Det var ikkje sommervarme så høgt til fjells, så det var berre å kle seg etter forholda.
Det er lov å håpe at forma retter seg til hausten.
Tok meg ein tur med fotoapparatet og tok bilder i alle retninga.
Zooma inn ..om det er fjellufta han nyt eller om det er nokke han ser på himmelen er eg ikkje sikker på.
Sjå her ja, kjekt å vere sjåfør. Kanskje det er det eg skal ta meg til no når eg er halvt pensjonist.
Tok endå fleire bilder her oppe i fjellheimen...berre å nyte.
På veg nedatt.
Måtte beundre denne urfurua, kjempeflott.
Endå fleire naturbilder, no er vi komt ned i dalen.
Her sit han medan eg farter rundt..men han var fole tolmodig tross låk fot.
No er vi på veg heim via Strynefjellet.
Kjekt å komme seg ut av dørene ...
Endelig vart det litt sol og varme. No er vi komne ned mot Stryn og tok ein stopp og beundra Flobygda.
Vi hadde planlagt å grille, trur han hadde tenkt det skulle skje oppe på fjellet, men det var litt for kaldt og vindfullt. Må no kunne kose seg, så det vart her ved Strynevatnet.
Ikkje så fole avansert, men det smakte godt.
Då er vi nesten heimattkomne,endå ein fergetur måtte til. Vi starta gristidlig så det vart ein lang dag, verst for han med låk fot. Eg hadde med tannkost i tilfelle overnatting, men vi fann ut at det var best å reise heimatt. Det var no ein kjekk dag, glad eg kunne bidra slik at han fekk seg ein luftetur før foten er hela. Er gjerne med ein anna gong også eg...har no snart ferie uten nokken store planer. Kanskje det blir fleire blogginnlegg også..vi får sjå på det.....Takk for turen forresten:-)
Kjempefin tur:) Dåkke e flinke å finne spennende turmål :)
SvarSlett