Eg synes det er stas med 17.mai, veit ikkje heilt kvifor, men spelte i korps før i tida og då var det alltid kjekt å marsjere i toget. I dei seinare år synes eg det er stas med 17.mai frokost, og starter feiringa med baking av boller..
...og brød.
Her er bordet pynta og klar for innrykk.
Trur desse to er litt spente på dagen også, flott pynta og forhåpentligvis svoltne.
Litt oppmjuking for å få fart på feststemninga.
Og litt bobler for å toppe festforma :-))
Så er nesten alle komt til bords og klar for å bli avbilda.
Så er den seansen over, og vi manner oss opp til å gå i tog.
Kvitveisen pynta fint, var faktisk opp i skogen ved midnatt kvelden før å plukka meg ein bukett.
No er vi klare og stiller opp for den motvillige innleigde fotografen. Han fekk no med nesten heile damene.
Det vart god tid å vente på at toget var klart, så det vart knipsa rundtomkring.
Endelig nesten klar for avgang.
Det var ikkje så mange som møtte opp i grunn...
..men det vart tog, og her er Hedda stolt duskedame.
Vilde og eg feiga ut ved det første stoppet, pilte heim til meg for å vinke frå altanen og for å ta bilder.
Dette er faktisk korpset, tynt i rekkene, men det let bra, dei var flinke.
Dette er frå festen oppe på Eidet, masse folk...
...og masse kaker.
Hedda er litt lei seg. for ho ville ha gulrotkake, men berre den som mora hadde baka. Det vart leiteaksjon på kjøkkenet og alt ordna seg til slutt.
Etterpå vart det sjølsagt is.
Både tombola og skjekking av FB høyrer med på ein slik dag. Det får bli siste glimtet frå feiringa. Det var ein fin fest på kulturhuset med leiker for barna ute og flott underholdning inne. Passelig lang tale, flott korpsmusikk og fin dans av ungdommer på scena. Då er det berre å gle seg til neste gong, er spent på om det blir nokke feiring Down Town Vatne. Hvis helsa held så blir det i allefall frokost i Haugane 12.
Vi får håpe det blir en fin 17. Mai uansett om toget går herfra eller derfra, håper vêret blir betraktelig varmere i allefall 🇳🇴🇳🇴🇳🇴
SvarSlett