Torsdag, fridag og klar for bytur. Måtte skjekke sveisen både foran og bak før avreise. Har lenge gleda meg til denne dagen. Det har seg slik at min gode venninne Grete Karin vart heile 60 år for ei stund sia, faktisk nesten eit år tilbake, men ho var bortreist på dagen,og ønskte seg ingenting. Men eg visste råd til slutt, og gåva vart konsertbillett til den nyåpna byscena med Stein Torleif Bjella på programmet. Vi spleisa på mat, drikke og overnatting og let det stå til.
Vi fekk eit flott rom heldigvis
Masse gotteri til blodpris som frista..
..og flott utsikt som seg hør og bør i ein by kjent for sine jugenthus.
Full klargjering ....
..og heldigvis var der rette sort glass på rommet.
Skål for overstått bursdag og at feiringa er i gang.
Vi bestemte oss for kinamat og starta med fantstisk sushi, Plagast litt med dissa pinnane, men eg fekk bitane på rett plass uten for masse oppstryr.
Hovedretten vart litt av kvart for to personer
Kjempefristande og det smakte veldig godt.
Kaffi og kake høyrer også med på bursdagsfeiring
Men no er vi på plass og venter spent på han Bjella. Det tok litt tid før han dukka opp, men det gjorde ikkje nokke ,for der var to barer og godt øl.
Plutselig dukka han opp, kom fykande gjennom publikumet og entra scena og satte i gang i velkjent stil.
Det gjekk ikkje lenge før han kasta jakka
..han hadde med seg to superflinke kara som eg ikkje huska navna på. Flott var det i allefall.
Vi fekk eit lodd ved inngangen og det viste seg at Bjella har ein tradisjon med utloddning av ei fruktkorg på konsertane sine...nokke han starta med for å trekke folk då han starta som artist...men det var ikkje eg som var den heldige desverre.
Her takker han fint for seg og sine under velfortjent applaus. Flott konsert.
Mor og sønn, begge var godt nøgde med kvelden.
Flott plakat også.
Det var stupmørkt ute,og vi tok ei lita runde for veret hadde letta og det var faktisk fin temperatur også. Gjekk oss på han Grytten i einsam majestet for ein gongs skuld, han bruka no å ha ein skare av folk etter seg.
Det er gåsunger som lyser i treet, så no er våren på gang.
Vil berre vise at eg trossa heisskrekken på veg oppatt på hotellrommet,
Mat igjen, flott frokost i ein flott erverdig frokostsal.
Grete stilte frivillig som modell i desse flotte stolane. Ho har jobba masse i møbelbransjen og kjente godt til denne modellen, og det var stas å sjå dei her i lobbyen. Alt har ein ende, og no måtte ho på jobb, eg hadde fri litt til. Vi takka for laget og eg trur ho var fornøgd med opplegget med byturen. Vi vart i allefall enige at dette kan vi gjere fleire gonger. Viktig å kose seg iblant.Så står det berre att å fortelle om artisten SteinTorleif Bjella, for det var nesten ingen som hadde hørt om han...merkelig.
Kjempefine bilder og du er alltid flink å legge till artige kommentarer til bildene :) Tusen takk for en kjempehyggelig kveld:) Tek gjerne en slik kveld på byen igjen ein gong ;)
SvarSlett