Det blir som før med desse innlegga, fortelle frå A til Å, så her er startpossisjonen..klar til avgang. Bildet vart no så som så, men det vart berre eit knips.
Vi tok metroen inn til byen, det er berre ein ti minutts gåtur ned til stasjonen. Ein gåseflokk held til der nede og måtte sjølsagt avbildast.
Rulletrapp eller heis? Sjølsagt trappa for min del.
Vogna var lettast å forflytte via heisa. Stasjonen heiter Shady Grove og er ein endestajon på den raude bana. Kunne like godt heitt Shabby Grove synes no eg då.
Humøret på plass og vi er på veg på nye jaktmarker.
Det vart ein uventa lang togtur pga vedlikehold på bana, så vi måtte busse innimellom. Ein lykkelig fyr som tilslutt fann eit avtrede.
Siste etappe inntil sentrum. Turen tek ikkje så lenge vanligvis, men med bussing innimellom, så vart det for lenge for babyen.
Det vart å lure seg til eit måltid.
Turen gjekk fint. Må no ha med eit bilde av meg også, så då vart det eit sjølknips.
Framme på togstasjonen, ei staselig bygning og eit staselig par.
Det neste var å finne ein plass å få ny bleie på babyen før vi tok byen i nærmare øyesyn. Vi fann eit restroom tilslutt, men stellekroken viste seg å passe best til hobbitter, og det måtte sjølsagt avbildast.
Alt ordna seg, ny bleie på plass og babyen var ved godt mot så langt.
Vi kjøpte billetta på ein sånn hoppe på og av buss, det var litt styrete, for vogna måtte demonterast for å få den med. Washington Monument er så stort og høgt at det er synlig frå mange kanter. Vi valgte å hoppe av ved Abraham Lincoln Memorial og det viste seg at mange med oss valgte å ta ein nærmare titt på den severdigheita.
Dette er the National Mall. Det var her Forest Gamp held talen sin om eg husker rett.
Rikelig med folk , men ikkje verre enn at vi kom oss opp tappene og innafor søylene..
..og eit nytt sjølknips for å dokumentere at vi har vore der. Fælt med disse nærbilda, men det får berre våge seg.
Flotte søyler, minner litt om bilder eg har sett frå Hellas, det er nok der dei fått ideen frå trur no eg då.
Heisa opp til sjølve statua var sjølsagt out of order, så då var det å vise bilda vi hadde tatt.
Bleieskift ute i det fri.
Neste ønske var eit eller anna museum. Valget vart som bildet viser Det vart eit mørkt og dystert gjensyn av alt det fæle som hende like før og under den andre verdenskrigen.
Før vi kom oss inn i sjølve museumslokala, måtte babyen sjølsagt ha litt påfyll, så då var det fram med "teltet" igjen. Alle navna på tavlene i dette romme er alle dei som har donert penger for å bygge opp dette museumet.
Heisskrekken min vart sett på hard prøve overalt, men må man, så må man.
Babyen fekk også opp å sjå seg rundtomkring, heldigvis for liten til å forstå alt det fæle som vart fortalt. Må innrømme at eg kjempa mot tårene fleire gonger.
Det vart vanskelig å ta bilder, for det var nesten kø framfor alle monterene. Heile fire etasjer med ulike beretninger om alt det fæle som hende, nokke som er heilt uforstålege at det kunne gå an å begå slike handlinger. Det er trist å tenke på at slikt skjer rundt om kring i verda den dag i dag også på ein eller anna måte.
Så kom vi altså inn i eit slags fotogalleri, imponerende mengde bilder.
Det viste seg å vere innsamla bilder av offer frå dei grusomme handlingane vi hadde sett bilder av og lest om.
Det var mange inntrykk som måtte fordøyast på ein gong. Det tok si tid å gå gjennom dei fire avdelingane, og kafeen vart neste stopp...og fram med "teltet" igjen.
Så ute i det fri.
Ein liten skog midt i byen og litt ly frå sola.
Ja, ja..skulle bli eit bilde av meg framfor den berømte obelisken. Det er faktisk meg som står laangt der borte og monumentet drukner i sollyset :-))
Så attende ikkje langt frå metroen, dagen gjekk fort og vi tenkte på heimvegen.
Endå ein gong fram med "teltet"
Vi kom oss inn og fann rett plattform, litt klamt, men ikkje så mørkt som det ser ut på bildet.
Det blir nok fleire turer down town ein eller anna gong. Greitt å vente til babyen er litt større kanskje, og for min del blir det nok å vente til neste gong eg tek turen over dammen. Må heimatt og jobbe litt til først..litt tidlig å pensjonere seg har eg funne ut. Har hatt ei lang kjekk pause no frå kvardagen heime, og er fit for fight når eg kjem meg heimatt.
Fint å lese. Fine bilder. Blir kjekt å sjå deg heime snart. Kos deg siste dagane og god tur heim 😀👍
SvarSlett