Søndag med finever, og eg er så heldig å få bli med i barnedåp.Stod opp i god tid og var ferdig pynta lenge før kirketid. Det vart nokre sjølknips for å korte ned ventetida før avgang, det var glirever, så eg ser litt morsk ut...men eg var i godt humør og gledde meg.
21.07.2016 Feiring framme på Reiten 11 av ei hending som skjedde for 44 år sia.
Det er no nokre dager sia eg vart invitert til middag framme på Reiten, og hendinga som skulle feirast, var ein 44 års-dag. Ikkje greitt å samle sammen mange gjester midt i ferietida, så det vart dei aller nærmaste som held seg heime i ferien, som takka ja... Det vart spleisa på gåver , og vi laga til fleire småpakkar.
09.07.2016 Blåtur
Har vore inne på tanken om å legge ned heile bloggen, for det har ikkje vore nokke serlig å berette sia 17. mai...før i dag faktisk..så no er eg igang igjen. Det har seg slik at ein av mine nærmaste er satt ut av spel for nokre veker. Ikkje lett å bli krykkjebruker når planane for sommer og haust var å komme seg i form til årets reinsdyrjakt. Eg har tatt på meg å vere brukerstyrt assistent innimellom, og i dag blir det altså blåtur på meg. Vi var sjølsagt uheldige med veret, men det tok vi på strak arm. Mi oppgåve var å vere sjåfør ettersom mitt reisefølge ikkje er brukbar til det på ei stund....
Abonner på:
Innlegg (Atom)