Sider

18.04.2015 Forsinka bursdagsfeiring til Bjella med klang.



Torsdag,  fridag og klar for bytur. Måtte skjekke sveisen både foran og bak før avreise. Har lenge gleda meg til denne dagen. Det har seg slik at min gode venninne Grete Karin vart heile 60 år for ei stund sia, faktisk nesten eit år tilbake, men ho var bortreist på dagen,og ønskte seg ingenting. Men eg visste råd til slutt,  og gåva vart konsertbillett til den nyåpna byscena med Stein Torleif Bjella på programmet. Vi spleisa på mat, drikke og overnatting og let det stå til.

13.04.2015 Vilde på besøk


Nei, no går det tregt med dinna blogginga. Turen til London tok visst på, så det har ikkje vore dei store sprella sia eg kom heim :-)  Vilde var på overnatting ei stund før påske. Eg trur ho venter på eit innlegg, så eg må berre finne på nokke. Her er kjøkkenet som vart arenaen denne helga.Som dåkke ser er det skikkelig hyttestemning her i Haugane 12...tenker då på alle kvistane som titter på meg. Har tenkt mang ein gong på å måle over, men det blir med tanken, for det funker å lage mat her så då så..