Hm, lenge sidan eg var innom her, men til mi store glede ser eg at det finst dei som tek ein titt. Eg har jobba masse i det siste og så har eg vore på tur. Det vart tur til London i år også, akkurat eit år sia sist. Greit å komme seg ut av dørene til tider,og så kjenne at det er greitt å komme seg heimatt også. Turen starta nesten midt på natta, opp kl. 04.00. Det viste seg at vi var ute i svært god tid før avgang på Vigra, eg var der nesten åleine ei stund og fekk beundre den nye avgangshallen i fred og ro...