Ja, ja..så er eg påan igjen. Lenge sia eg var innom bloggen. Mange som lurer på om eg har slutta, men det er ikkje så lett å finne på nokke å skrive om kvar dag.Har fri i dag, og tenkte eg måtte kule ned etter ei hard arbeidshelg og berre kose meg. Tok ein titt rundt om i hyller og skap, og fann den eine svana etter den andre. Må berre tilstå at eg har samla på disse krystallsvanene i mange år. Veit ikkje kvifor, men dei er no vakre i mine auge i allefall. Den største på bilde her kjem heilt i frå Amerika, den med kvitt på er ifrå Venesia. Den gule er ei gåve osv..har full kontroll altså :-)