Dagane, og ikkje minst vekene går veldig fort no. Har vore her borte over halve tida allereie.
Det har vore kjekt så langt, og jobben som nanny har gått seg til. Det var litt skremmande i starten, er tross alt ei stund sidan eg hadde åleineansvar for ein svolten baby, men øving gjer meister.Så no går alt så mykje bedre på det området. Han veks og trivast, er ein lærevillig liten fyr også. Prater med han (når han ikkje søv då :-) heile dagen...har no forresten ikkje så mange andre å prate med då..ikkje så mykje å få ut av bikkja heller. I dag er det feiring av Uavhengighetsdagen (USA) den 4. juli som står for døra, så no må eg prøve meg på å snakke skikkelig engelsk...det dukker visst opp nokre ekte amerikanere.